Stor misnøye mot høge ferjeprisar

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/1/2020 07:26

Etter nyttår steig ferjeprisane mykje, i samband med innføring av autopass, noko som har fått både pendlarar og næringsliv til å reagere. Det er no eit opprør, ikkje berre på Tysnes, men i resten av regionen og heile Vestland.

Dette har fått stor merksamd i media, både BT og morgonsendinga frå NRK Hordaland har omtala saka. Hordaland Folkeblad hadde også dette på trykk i går.