Arild Ebbesvik med to nye mål og ein assist. (Arkivfoto NjardarAlag)

Kampreferat Bergen Allfot – Njardar

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
18/6/2018 09:57

Spelande trenars kampreferat Bergen Allfot – Njardar 0-7

Mange forfall til bortekamp nok ein gang gjorde til at me reiste til Sandsli med kun 13 spelarar inkludert trenar Raymond.
Dette viste seg å ikkje føra til nokon problem då me var fullstending overlegne på Sandslibanen.

Me kjører kampen frå start og skapar fleire sjansar etter flott spel. Me blir uansett litt stressa i siste tredjedelen av spelet vårt og blir både egoistiske og unøyaktige framfor mål.

1-0 kjem på ein dødball som Terje Hagen headar flott inn framfor mål der Børge Pedersen stanger den i nettet.

Resten av omgangen fortsetter egentlig som nevnt tidligare, med Njardar-dominans uten fleire tellande scoringar.

I pausen pratar me om å vera mindre egoistiske i angrep, bruka ballen meir og vera meir rolige og presise når me kjem til sjansar.
Dette følger gjengen til de grader opp og scorar heile seks gangar i løpet av andre omgangen. Allfot hadde vel egentlig ikkje ein einaste tellande sjanse.

2-0 kjem på nok ein dødball som Terje Hagen headar i stolpen, men som Arild Ebbesvik er våken på returen på.
3-0 Er god jobbing av Arild Ebbesvik som stjel ballen frå motstandars midtstoppar og scorar enkelt åleina med keeper.
4-0 Er undertegna som bryt på midten, spelar fri Arild Ebbesvik på høgre som slår inn igjen framfor mål der undertegna med sin dårlige venstrefot breisidar ballen i hjørna.

No er me så komfortable at trenar Raymond vel å bytta seg sjølv inn som spiss det siste kvarteret. Dette gjer umiddalbar suksess der han blir spelt åleina med keeper men uegoistisk legg på tvers til Børge som på åpent mål scorar sitt andre for dagen.
6-0 Er nesten identisk, der Aksel får ein bakromsball som han på tvers spelar til Raymond som denne gang scorar.
7-0 Nok ein lignande scoring der Roy er på løp i bakrom denne gang, legg inn til Raymond som scorar sitt andre på åpent mål.

Fantastisk seier mot eit heimalag som ikkje hadde mykje å by på. Fint å avslutta vårsesongen på denne måten, der me visar at me har god kondisjon og ikkje minst visar at me har eit angrep av ypperste klasse. 38 scorte mål på 8 kampar er desidert mest i avdelingen og plasserar oss på tabelltopp. Me må og gje skryt til forsvaret vårt som etter fire baklengs på slurv i toppkampen mot Hasunds har tatt seg sammen og holdt nullen i to på rad.

Me ser fram til ein spennande haustsesong.

-Spelande trenar Thomas