OnarTun jubilerer

Publisert av: May Britt Meland
18/6/2020 13:10

OnarTun feirar 3 års jubileum og inviterer til gratis softis og skillingsbollar både fredag og laurdag!

Dagleg leiar Lea Rehling Qvistgaard fortel at senteret siste tida dessverre ikkje har hatt nokre faste arrangement grunna korona.

Tidlegare har det mellom blitt arrangert seniorlunsj kvar tirsdag, strikkekafe og spelekveld. Lea håpar på at ein over sommaren kan starte opp att med desse kjekke tilstelningane, dersom det let seg gjere av smittevernomsyn.
.
Senteret tilbyr også gratis trening for alle seniorar kvar tirsdag i butikken sine opningstider.
.
.
.