Sommerbasar i Sør – Reksteren bedehus

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/7/2026 08:58

Enda en gang vart det arrangert sommerbasar i det gamle bedehuset på Sør-Reksteren. Det har vore tradisjon i mange år. Om dette blir den siste, vil framtida vise.

Spesielt denne gongen var at det var heller lite av lokalfolket som kom. Men så kom der så uventa mange utanfrå. Frå Tysnes og frå Fitjar. Vi hadde annonsert: «Venner frå Tysnes og Fitjar vert med oss.» Det var Geir Martin Økland som delte Guds ord. Geir og Reidun Vik frå Fitjar sørge for song og musikk. Men dei hadde med seg to andre ektepar som eg og Liv kjenner godt. Overraskande og veldig kjekt. Enda ein gong var hovudgevinsten eit flått maleri gitt av Nini Brattetveit. Maleriet for til Fitjar.

Åresalget gjekk unna med stor etterspørsel. Sjølv med ein beskjeden pris pr åre kr 5, og eit frammøte ca. 36 personar, vart det seld årer for over kr 8.000.

Tekst og bilete: Kåre Torbjørnsen