Arkivfoto frå 2022, kåseri med Arne Torget

Seniortreff i fem bygder

Publisert av: May Britt Meland
24/4/2023 20:56

4. mai blir det seniortreff rundt om i bygdene på Tysnes.

Kl. 11.00 : Reksteren idretts- og kulturbygg

Kl. 13.00 : Kompasset Bar og Spiseri

Kl. 14.30 : Mandelhuset

Kl. 16.00 : Frilund Lunde

Kl. 17.30 : Tveit Grendahus

 

Felles program med:

• OM FUNNA PÅ TYSNES i samband med de arkeologiske registreringane
vi har hatt i kommunen dei siste åra. Ved Øystein Skår seniorrådgjevar – kulturarv
/ kultur og folkehelse og Louise Bjerre Petersen rådgjevar – kulturarv / kultur og
folkehelse frå Vestland Fylkeskommune.

• ALLSONG ved pianist og organist André Eide som kjem frå Halsnøy men
har vore busett på Stord dei siste 20 åra. Han er godt kjend gjennom sosiale
medium, der han når ut til millionar av lyttarar kvar månad.

• MATØKT OG DRØS