Kjekke aktiviteter i husflidslaget utover hausten

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/8/2021 13:20

Ung husflid startar opp igjen med nytt kurs for barn og unge frå 4. klasse.

Hovudtemaet i haust er ull.  Det vert innføring i korleis ein brukar ull, heil frå ho er klypt av sauen;  karding, spinning og til ulike bruksområde.  Ein vil gå vidare med minst eit bruksområde; toving av ulla. Det vert kanskje også ein mogelegheit for nokre å prøva seg på veving.

I tillegg blir det sying med symaskin, noko som er svært populært blant deltakarene. I Ung husflid brukar ein å leggja til rette for teknikkar og aktiviteter dei unge sjølve spør etter, og så vert det plussa på med teknikkar kurshaldaren har lyst til å læra dei.

Også noko for dei vaksne.
I haust har husflidslaget også fått til eit motivasjonskurs for dei vaksne som driv ung husflid, eller som har lyst til å bli med i laget. Dette er eit samarbeid som er kome i stand med Hordaland Husflidslag og med økonomisk støtte frå studieforbundet “Kultur og Tradisjon”.

Her i kommunen er ein heldig å ha god kompetanse på kurslærarar, som kan læra  om bruk av kniv/spikking, samt om knutar, stikk og binding av fender.

Deltakarar frå omkringliggjande kommunar er også invitert med, og på den måten får ein utveksla tips og erfaringar.  Her er det nokre få ledige plassar dersom det er nokon som har lyst til å bli med. Tysnes husflidslag vil sponsa kursavgift for dei som melder seg til å vera med på Ung husflid-laget. Det som blir lært på kurset, vil sjølvsagt tatt vidare til dei som er med i Ung husflid, slik at variasjonen i aktivitetane blir enno betre.

Oppstart av Ung Husflid er 2. september kl. 18.00 – 20.00 i husflidstova, Teiglandsvegen 4.
Kurset er på i alt 6 gonger, med møte annakvar torsdag.

For meir info og påmelding, kan ein senda e-post til helga.irene.aslaksen@haugnett.no innan 20. august 2021
Pris kr. 400 pr. barn (kr. 250 for medlemmer).

Har du lyst å bli med, eller vita meir om Tysnes Husflidslag og kva som skal vera av kurs og aktivitetar utover hausten, kan du klikka her.