Montasjen om jåttseglarane har sin eigen krok i Tinghuset

Sommarope på Tinghuset

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/6/2023 08:57

OPE TINGHUS

I sommar skal Tinghuset halda ope kvar laurdag i heile juli månad.

Nytt  i år er at lokale kunstnarar stiller ut kunsten sin. Dei som stiller ut er Mona Amland, Ranveig Helland, Jan Vaage, Olav Skjellevik, Marianna B. Heggland. I tillegg stiller Elling Skartveit ut sine vakre sjølvlaga modellskuter.

Det vert også høve til å få kjøpa dei opphengde kunstbileta.

Tysnes sogelag, Tysnes bygdekvinnelag og Jottelaget har «friska opp» utstillingane slik at dei som har vitja Tinghuset tidligare vil finna spennande ting som ikkje har vore utstilte før.

Det vert også høve til å få kjøpa vafler og kaffi.

Tinghuset har altså mykje å by på i år, både når det gjeld flotte antikvariske utstillingar og kunst frå flotte lokale kunstnarar.

Du kan lesa meir om opningstidene her.