Tysnesfest-isj fossar vidare!

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2021 21:19

Det er ingen tvil om at minifestivalen blir både folkeleg og storslagen.
Bjørn Eidsvåg og Hellbillies er nokre av dei største og mest solide artistane Noreg har å by på. Eidsvåg går på scena fyrst ut torsdagen, mens Hellbillies skal avslutta laurdagen. Me gler oss!

Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match og sidan dei i 2020 skulle feira 30 års jubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret! 2020 blei corona-avlyst, og det blei jo eigentleg 2021 og, men me har ordna det slik at me feirer 30 års jubileet eit år forsinka likevel.

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

I 2016 sleppte dei sitt foreløpig siste album, «Søvnlaus». Hellbillies har gitt ut ti studioalbum og fire konsertplater i tillegg til eit samlealbum. Dei fleste har solgt til gull eller platina. Bandet har vunnet tre spelemannsprisar, og blei mellom anna kåra til Årets spellemann i 2007.

Hellbillies speler på E-brygga under Tysnesfest-isj laurdag 10. juli.

Rockepresten med band til Tysnesfest-isj!

Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnes.

Bjørn Eidsvåg er ein av artistane som har vore booka til Tysnesfest 2021, og når me valgte å gå vidare med planlegginga av Tysnesfest-isj var han eit sjølvsagt namn å ta med vidare!

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spilt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland. I sommar speler rockepresten på nokre utvalde festivalar.

«Ny konsertsesong er like rundt hjørnet. Nye sanger skal presenteres for publikum, gamle låter skal pusses opp og kjente sanger skal spilles som de er. Vi er klare og gleder oss!», forteller Eidsvåg.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Bjørn Eidsvåg speler på E-brygga i Våge torsdag 8. juli 2021

Programmet for Tysnesfest-isj ser føreløpig slik ut:

Torsdag:
Bjørn Eidsvåg
Stavangerkameratene

Fredag:
car.pool
TBA

Laurdag:
TBA
Hellbillies

 

Pressemelding Stiftinga Tysnesfest