Nils Vermund Gjerstad fekk møte Bruce Dickinson

Publisert av: Vegard Aslaksen
7/1/2018 19:50

Freelance journalist Nils Vermund Gjerstad frå Tysnes har intervjua mange kjendisar opp gjennom tida. Blandt topp 5 liste over folk han ynskja å intervjua var vokalisten i Iron Maiden, Bruce Dickinson. Dette ynskje gjekk i oppfyllelse, og Nils Vermund fekk møta vokalisten i bandet som han har hatt plakat av på soverommet sitt på Gjerstad i nesten 30 år. Nils Vermund fortel at han vart fan av bandet etter å ha sett musikkvideoen deiras frå sangen “Stranger in a strange land” på NRK.

Freelancejournalisten seier til Tysnesingen at sjølv om intervjuet kun varte i ein time, kunne dei to hatt samtalar i langt lengre tid. Dei har begge stor kunnskap rundt historien om 2. verdenskrig, og historie generelt. Noko som ikkje kjem frem i intervjuet er at Dickinson studerte til mastergrad i historie i heimlandet England på slutten av 70 tallet. Nils Vermund seier til slutt at han håpar på å få kunne møte “Bruce” igjen, og sjølvsagt gå på nye konsertar med dette fenomenale og verdskjende heavy metal bandet Iron Maiden.

Sjå link til intervjuet i abc nyheter;

https://www.abcnyheter.no/helse-og-livsstil/livet/2017/12/28/195357113/iron-maiden-vokalisten-om-livet-etter-kreften