Soloppgangkonsert på Tysnessåto blir flytta til Solstråleøyo

Publisert av: May Britt Meland
6/7/2021 16:51

Med varierande vervarsel tek me ingen sjanse og flyttar soloppgangkonserten med Ruben på Tysnessåto natt til torsdag.

Tryggleiken til publikum har øvste prioritet, og etter samtale med meteorologisk institutt der dei bekreftar overhengande fare for lyn og torevêr vil me heller gjennomføra konserten nærmare sjøkartnull på den segnomsuste Solstråleøyo.

 

Solstråleøyo med sitt naturlege tak og amfi er ein fullverdig erstatning for Tysnes sin høgste topp.

Dersom solstrålane kikkar fram er desse finast på kvelden og soloppgangkonserten vert derfor ein solnedgangskonsert onsdag klokka 22.30.

 

Det blir båttransport frå Våge kai i god tid før konserten med retur etterpå. Øya har fine forhold for dei som likevel vil overnatta i telt og bli skyssa til Våge torsdag morgon. Det vert ingen servering så gjester må ta med mat og drikke til seg sjølv.

Dei som har kjøpt billettar får informasjon på e-post eller sms om tider for båttransport. For dei som ikkje kan delta på konserten vil det bli tilbod om refusjon av billettar i etterkant av festivalen.

Det vert framleis to kohortar under konserten og me ber alle publikummarar sjekka billetten og vera merksame på kva kohort dei tilhøyrar for ein betre flyt ved arenaen.

 

Pressefoto: Håvard Schei