Illustrasjonsbilete

Hagefugltelling

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/1/2021 08:02

Har du fuglar i hagen din, eller på fuglebrettet, er det no igjen tid for fugletelling.

Helga 30. til 31. januar vert det gjennomført Hagefugltelling i heile Norden, men du kan allereie no sende inn både bilete og observasjoner av fuglar. Teljinga held ope frå 23. januar til 7. februar.

I ein vinter full av restriksjonar på grunn av koronapandemien, så må vel dette arrangementet være midt i blinken som ein hyggeleg aktivitet for heile familien, kan ein lese på nettsida til Norsk Ornitologisk Forening.

Det er 14. gong at det vert arrangert hagefugltelling. I fjor vart det rapportert inn nesten nesten ein halv million fuglar frå nesten 10 000 fôringsplasser.

Det har vore ein auke i medlemstalet hos Norsk Ornitologisk Forening, noko dei tenker kjem seg av at folk må vere meir heime på grunn av korona, og at mange brukar naturen meir og også har starta med å fôre fuglane i hagen.

Målet med tellinga er å skape interesse og auke kunnskapen om fuglar og natur, og vise at fuglefôring er ein underhaldande og lærerik aktivitet. Denne aktiviteten kan engasjere både unge og eldre. Alle observasjonane som vert meldt inn er like viktige, enten det vert registert null eller femti fuglar.

Vil du vite meir om korleis du skal gå fram, kan du finne det på fuglevennen.no og miljolare.no