Publisert av:
2/11/2016 10:58
Snorre-kveld
Foredragshaldar er Karvel Strømme, halvt islending, som vil dela av sine store kunnskapar om sagaforteljaren Snorre og Island med publikum.

Snorre Sturlason er eit kjend namn for dei fleste nordmenn. Han er mannen bak dei norske kongesagaene. Me veit også at han budde på garden Reykholt på Island, og at han vart overfallen og drepen. Men kor mykje meir veit me, eigentleg?
Karvel Strømme har inngåande kjennskap til den lærde storbonden Snorre og tida han levde i. Snorre var ein av dei mektigaste mennene på Island og hadde det høgaste embetet på Alltinget, som lovseiemann. Garden hans Reykholt var eit senter for lærde som kom frå fleire stader i Europa. Her skreiv han Heimskringla, den store samlinga av kongesagaer som har hatt så mykje å seia for norsk nasjonalkjensle, og den såkalla yngre Edda, som handlar om dei norrøne gudemytene kring m.a. Odin og Tor. Men han levde samstundes i ei tid med ei rekkje farlege konfliktar og hadde mange fiendar, og vart myrda i året 1241.
Om dette og meir til vil Karvel Strømme fortelja om i foredraget sitt. Karvel Strømme har eit inngåande kjennskap til Island og landets historie, og har gjennom mange år vore ein populær turguide på utallege reiser til sagaøya.
Som vanleg vert det tid til kaffi og noko å bita i midtveges i programmet.
Tid og stad: Sundag 6. november kl. 17, Tysnes folkebibliotek.
Arr. Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Tysnes bygdekvinnelag.
Gratis adgang.