No blir det tur igjen

Publisert av: May Britt Meland
1/2/2021 20:36

Per Verner Aase ved Tysnes Frivilligsentral er glade for at dei denne veka kan invitere til tur.
-Vi har fått “GO” frå smittevernlegen for aktivitetar med 20 personar utandørs.

Blåbærhaugen skal vere brøyta, derfor legg vi turen dit. Det kan vere glatt ned igjen, så ta med gode sko, gjerne med pigg.

Køyr i eigen bil om nødvendig og overhald smittevernreglar frå FHI.

Avgong Tysnes bedehus torsdag 4. februar klokka ti.