Er du klar til 17. mai feiring?

Publisert av: Vegard Aslaksen
16/5/2019 12:03

I morgon er det feiring av Noregs Nasjonaldag og markering av at me fekk vår eigen grunnlov for 205 år sidan. Det er duka til fest i alle bygder og det er meldt flott vêr på grunnlovsdagen. Send oss gjerne 17 mai bilder av di feiring på post@tysnesingen.no.

Det er meldt fint 17 mai vêr. Foto: Skjermdump frå yr.no

 

Her kjem eit lite overblikk på programmet for dagen.

Fellesfeiring
0700: Salutt
0915: Oppmøte på Kaien i Våge
0930: Folketog til Tysneshallen med kransenedlegging ved Tysnes Kyrkje på vegen
1030: Program i Tysneshallen med påfølgjande leikar på skuleplassen og sal av kaker, betasuppe mm.
1330: Premieutdeling
1600: Gudsteneste Uggdal Kyrkje
1700: Kransenedlegging ved Uggdal Kyrkje
Onarheim
1130: Folketoget startar frå Haganeset
1200: 17. mai gudsteneste i Onarheim kyrkje
1330: Feiring på skulen med program, leikar og sal av mat og drikke
1600: Premieutdeling og takk for dagen
Lunde
1400: Samling ved minnestøtta
1515: Fest i Lunde ungdomshus med program, leikar og sal av mat og drikke
2100: Dans i Frilund med «Trio Grande», sal av øl og vin
Reksteren
1400: Gudsteneste i Reksteren kyrkje med påfølgjande feiring i Kulturhuset
Flatråker
1400: Samling i Bygdastovo med sal av kaker, kaffi og brus
Jensvoll bedehus
1900: 17. maifest med program og matøkt