Publisert av:
3/1/2009 16:36
SMS konkurranse
Kvar 14.dag vil Tysnesfest 09 ha ein SMS konkurranse. Det opplyser Hans Christian Haaland til Tysnesingen.
Premien for fyrste perioden er to pass til årets festival. Og fyrste spørsmål i konkurransen er:
– Kva gruppe avslutta frå scenen laurdagskvelden under Tysnesfest 2008?
Send ein SMS med kordeord TYSNESFEST etterfulgt av svaret ditt, f.eks. TYSNESFEST NORGE, til nummer 1965. Tenesta kostar kr. 5,-.
Haaland ber folk fylgja med vidare, då det vert mange flotte premiar i denne konkurransen. Sjå meir på tysnesfest.no