Arkivfoto frå open dag 25/9-2021

Open dag på brannstasjonen

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2023 12:00

Open brannstasjon blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale brannvernsveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi vi bruker meir straum og levande lys.

– Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege brannvernsveka. I distriktet vårt opnar brannstasjonen i Eredalen portane for store og små besøkjande laurdag 23. september. Open brannstasjon over heile landet har vorte ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gje nyttig info om brannførebygging, seier brannsjef Torfinn Kongsvik.

– Hovudfokus for Brannvernveka i år er ladevett og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir konkurranse, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og høve til å sitje i ein brannbil. Ambulanse, politi og raude kors deltek og det vert høve til å sjå nærare på deira bilar og utstyr. Vi håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Torfinn Kongsvik.

Øv for å vere førebudd

Skular og barnehagar har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. I heimen har vi ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vete kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann i heimen. Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva ein skal gjere om ulykka fyrst er ute.

– Vi oppmodar alle til å bruke Brannvernveka til å prate om, og øve på, kva ein skal gjere om det byrjar å brenne i bustaden. Det treng ikkje vere meir komplisert enn at de avtaler ein møteplass og kven som skal gjere kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar også handterer dei best, fortel Kongsvik.

 

Tips til brannøving heime:

Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.

  • Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Prat om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyma seg.
  • Bli samde om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassa eller søppelkassa.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle komme seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det blir brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justera planen og rette eventuelle feil.

 

Om Brannvernveka:

Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.

Les meir om Brannvernveka på https://brannvernforeningen.no/aktuelt/kampanjer/brannvernuka