Dei speler alltid for utselde hus, og no er ROTLAUS endeleg klare for Tysnesfest

Publisert av: Johnny Helgesen
5/3/2019 19:06

Det er berre fire år sidan Ørsta-bandet Rotlaus gjorde sin fyrste spelejobb, men dei har på rekordtid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband.

Rotlaus kan visa til fleire listeplasseringar enn dei fleste og har fått tildelt ei rekkje prisar for låtane sine. Debutalbumet “Bygderamp” låg 23 veker på norske topplister, og samtlege singlar har trona høgt på VG-Lista.

Rotlaus er på kort tid blitt kjent for ein helt spesiell kontakt med publikum, og dei gjer alltid maks på scena. Så her blir det garantert allsong!
Rotlaus tilbringer mykje tid saman, noke som gjenspeiler seg på scena: “Det skal vere som en familie”, seier vokalist Bjørn Marius Øyehaug.

Rotlaus speler på Gjerstad arena torsdag 11. Juli, same dag som LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Åge & Sambandet og D.D.E!

Torsdagen i år blir ein utruleg folkeleg og fin dag, og alt ligg til rette for at me får tidenes åpningsdag på Gjerstad.
Billettsalet viser det same, for me har aldri før selt så mange båtplassar, camp-plassar, dagspass og festivalpass enn me har gjort på same tid til nokon andre versjonar av festivalen.

Kanskje litt av grunnen er denne fantastiske lista over artistar som er lansert til no?: AURORA, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Åge & Sambandet, Broiler, Ina Wroldsen, D.D.E, Skambankt, Rotlaus, Staut, Helge Jordal, Kjartan Lauritzen og Kriminell Kunst.