Avslutningssong med Øyvind Kleppe, Kristoffer Nordal, Marianne Tvedt og Lise Skjåk Dalen, André Eide ved pianoet.

Utruleg flott julekonsert

Publisert av: May Britt Meland
20/12/2020 21:26

19. desember – vart det annonsert konsert i Kulturkyrkja kl. 16.00, men det var så mange interesserte at det måtte ekstrakonsert til kl. 18.00. Og ved begge vart det så mange i benkene som det var lov til.

Dei som song for oss var Øyvind Kleppe, Kristoffer Nordal, Marianne Tvedt og Lise Skjåk Dalen.
Pianistane var Irene Simonsen og André Eide.

Det vart faktisk observert nokre tårer i augo frå dei i benkene.

.
Duett av Øyvind Kleppe og Kristoffer Nordal. Pianisten er Irene Simonsen.

 

Avslutning med “Deilig er jorden”.
Tekst og foto: Olav Skjellevik