Smittesituasjon i Tysnes kommune

Publisert av: May Britt Meland
21/1/2022 18:46

Oppdatering frå kommunen sine heimeside

21/1, kl 14.17

Slik situasjonen er no har me ikkje eit pågåande smitteutbrot i Tysnes. I tillegg til smitte som er stadfesta ved PCR-test, er det også nokon som har testa positivt på hurtigtest. Det er difor forventa at me kan få nokre nye bekrefta smitta på PCR-test i dagane framover.

Påviste tilfeller dei siste 14 dagane: 6
Sist oppdatert: 21. januar

Dette gjeld personar som har registrert bustadadresse i Tysnes kommune.

Me vil oppdatera informasjon om smitteutbrot på måndag, onsdag og fredag i tida framover, så lenge det ikkje kjem eit lokalt smitteutbrot som gjer at me treng hyppigare oppdateringar.