Podtown kjem til Tysnesfest 2018!

Publisert av: Johnny Helgesen
21/12/2017 07:54

Gründer Eirik Kalve frå Austevoll skulle på Tysnesfest 2016. Festivalbillettar var i boks, men han var for seint ute med bestillinga av lugar på hotellskipet vårt, så han kom seg aldri til festivalen det året. Det blei i staden ein ekstra dag på hytta med svigermor.

Men Eirik fekk ein lysande idè og sette seg ned og skissa opp ei teikning på ei yatzyblokk.

Ideen er no sett i live, og i byrjinga av desember kom den fyrste prototypen til Norge. Podtellet blei plassert på kaien i våge, og for å halda på mystikken pakka me det inn i ein stor presenning. Laurdag 16. desember klaffa været heilt perfekt og me fekk MS Samba til å løfta podtellet ut på Prestaskjæret der fyrtårnet ved innseglinga til Våge ligg.

Her vart det ein fotosession og litt reklamefilming før podtellet blei frakta ut til Austevoll der det no står utanfor lokala til Podtown.

 

Resultatet ser de her: https://www.youtube.com/watch?v=KXODa4qDFHg&t=11s

Under Tysnesfest 2018 kan ein bestilla enten singelpod eller dobbelpod, og prisen blir hhv. 599,- og 999,- pr. natt.

Podtown blir lokalisert ikkje langt frå Våge, og me vil ha shuttlebussar som frakter gjestene fram og tilbake.

 

Her søv ein varmt, godt og ikkje minst tørt.

 

«Mange likar godt campinglivet, men me veit at det òg er mange som ynskjer litt meir komfort. Podtown blir ein «silent camp» der støynivået skal haldas på eit fornuftig nivå.»

 

«Eg har som fyrstemann i verda testa dette podtellet, og kan med handa på hjarta sei at eg sov svært godt gjennom heile natta med ein komfortabel temperatur, sjølv om det var minusgrader på utsida. Podden er godt lydisolert og til trass for at den var plassert midt på kaien i Våge, hørte eg ikkje ein einaste bil når ferjetrafikken byrja om morgonen»