Sjur Hjeltnes på Mandelhuset

Publisert av: Vegard Aslaksen
14/9/2019 20:45
Fredag kveld testa Sjur Hjeltnes ut det nye showet sitt på Tysnes-publikummet. Mandelhuset var langt frå fullt, men dei som hadde møtt fram, fekk ei underhaldande oppleving. Sjur Hjeltnes fekk publikum med på både oppvarmingsøvelsar og allsong, og han fekk vist at han trakterer tangentane på ein flott måte.
Han fekk god kontakt med publikum, og latteren satt laust hos dei frammøtte.
Tekst og bilete: Martha Nygård Lande