Foto: Erlend Hatteberg

Her er den nye jordmorvikaren

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/8/2019 15:22

Tysnes kommune har tilsett jordmorvikar, Elisabeth Hatteberg, frå 20.08.2019. Ho er tilsett i 60 % stilling, og vil i hovudsak vere tilgjengeleg måndag, tysdag og torsdag.

Elisabeth har sju års erfaring som jordmor og pendlar i dag til sjukehusa Ullevåll/A-hus der ho jobbar i eit hektisk og pulserande miljø innan jordmoryrket. Til Tysnesingen fortel ho at ho ser fram til å vikariera som jordmor på Tysnes. Ei jordmor gjer meir enn å ta imot barn og eg synes det er svært interessant å kunna jobba heilhetlig med kvinnehelse som jordmor på Tysnes, seier ho. Tysnesingen ynskjer Elisabeth lukka til i jobben

Les meir om denne gladsaka på Tysnes Kommune sine heimesider. Klikk her.