Ny sesong med hjartetrim

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/8/2022 14:01

I slutten av august startar ein ny runde med hjartetrim.

Kommunefysioterapeut, Nancie Luth-Hanssen, ynskjer alle hjarteleg velkomne til eit gratis tilbod med allsidig trening til musikk.

Her blir det lagt vekt på kondisjon, bevegelser, styrke og avspenning.

Treninga er i salen på Uggdal skule, husk å ta med treningsmatte og innesko.

Du kan lese meir på kalenderen til Tysnesingen kor tid det skal være hjartetrim.