Irene Dalland i Tynses bonde- og småbrukarlag gler seg over at det spirar ved fyrtårnet. Foto frå Facebook, gjengitt med tillatelse.

Set fokus på sjølvforsyning

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2020 17:37

-Har du lagt merke til at det spirer og gror i Våge ved fyrtårnet?
Der har nemleg Tysnes bonde- og småbrukarlag sett poteter! I samarbeid med Tysnesfest har laget sett i gong eit aldri så lite dyrkingsprosjekt rett utanfor kontoret deira.

Bonde- og småbrukarlaget vonar at dette skal være til inspirasjon for alle som går forbi. -Og at dei som ser dette kanskje vil bli freista til å prøve sjølve. Tenk å kunne dyrke litt av eigen mat i hagen eller i ei potte på terrassen! Av ei potet kan ein få opptil 8-10 poteter. Men hugs at du berre kan setje sertifiserte settepoteter i jorda.

Ei lita potet kan gi stor avling. Illustrasjonsfoto.

 

Vinn-vinn
Visste du at sjølvforsyninga av mat i Norge, proudsert på norske ressursar er i underkant av 40%.
Oppmoding frå Tysnes bonde- og småbrukarlag:
Viss litt fleire hadde dyrka litt grønnsaker i hagen sin kvart år, så kan vi i lag auke sjølvforsyninga.
-Og vi kan i same slengen læra mykje om dyrking og ha born og barneborn med på det.
Ein såkalla vinn-vinn situasjon!