Sesongope på gårdsbutikken «Tveitakjerring»

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/4/2019 09:00

Sesongope på gårdsbutikken «Tveitakjerring» – det vesle ysteriet på Tveit!

Innehavar av ysteriet og gårdsbutikken, Lucianne Rijpkema, seier til Tysnesingen at gårdsbutikken no er open.
Ein kan få kjøpt ulike typar ost. Fersk ost, «mjuk kjerring», er å få i tre ulike smaksvarianter. Ho har ein halvfast kvit geitost, som ho har kalla «Jens’n», den er oppkalla etter mannen.
Etter palmehelga kan ein få drenert geiteyoghurt, den har fått namnet «Sur kjerring», og rett etter påske kan ein også få kjøpa salatost med namnet «Tvedta».
I tillegg til ostane, sel ho også flotte, fargerike egg.
Åpningstidene er frå kl 10 – 21, alle dagar.
Her er det sjølvbetjening med Vipps eller kontant.
Lucianne seier ho og har betalingsterminal, men då må ho vera i nærleiken.