Ronan Keating til Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
16/1/2022 18:01

Den irske superstjerna Ronan Keating kjend frå eit av 90-talets største boyband, og ikkje minst for sin imponerande solokarriere, er klar for Tysnesfest 2022!

Ronan Keating starta som vokalist i boybandet Boyzone i 1993, og debuterte som soloartist i 1999. Solokarriera fekk ein knallstart med singelen «When You Say Nothing at All» som blei brukt i filmen “Notting Hill”. Songar som «Life Is a Rollercoaster», “Lovin` Each Day”, “If Tomorrow Never Comes” og mange fleire har fått mykje tid på radio, og nådd høgt på listene her heime i Norge.

Han har hatt stor suksess med sitt debutalbum Ronan, som nådde fyrsteplass i både Storbritannia og her i Noreg. Han har selt drøyt 22 millionar album som soloartist, i tillegg til over 20 millionar med Boyzone.

 

Øystein Vaage seier:

– Dette er ein artist me har forsøkt å bokka i mange år utan at reiserute og kalenderen hans har passa inn med våre datoar, men endeleg blei det full klaff! Ronan Keating frå Boyzone er verkeleg ein av dei store superstjernene frå 90-talet, og han tek med seg eit utrulig bra show som me gler meg veldig til å sjå!

– I ein litt kjedelig januarmånad med nedstenging, regn og slaps er det utruleg deilig å kunna koma med litt smådrypp om kva som kjem til Tysnes til sommaren! Sol og fint vær, allsang og god stemning. Me treng alle noko kjekt å sjå fram til!

 

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2022:

Torsdag: Staysman, Halva Priset, Hagle, Soppgirobygget, Plumbo

Fredag: CC Cowboys, Chris Holsten

Laurdag: Ronan Keating (IE), Synne Vo, TIX, Kjartan Lauritzen