Illustrasjonsbilete

Olsokfeiring

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/7/2021 10:08

Olsok, 29. juli, er ein katolsk festdag til minne om kong Olav den heilage, som falt i slaget på Stiklestad på denne datoen i 1030.

Olav Haraldsson drog tidleg i viking, og i 1012 var han med på å presse ut ei enorm danegjeld i England. Eit par år seinare vart han omvendt til den kristne trua og døypt i Rouen i Frankrike.

På denne tida låg Norge under den danske kongen, Knut den mektige, sitt herredøme. Då hans representant i Norge, Eirik Jarl, vart kalt til England for å bistå Knut i kampen om den engelske trona, oppstod det eit maktpolitisk vakuum i Norge. Etter slaget ved Nesjar i 1016, der Olav beseira trøndarane, under leiing av Eirik jarl sin bror, Svein, lot Olav seg hylla som konge på Øretinget.

Olav Haraldsson, var konge i Norge i perioden 1015–1028.

Ved innføringa av kristendommen, var Olav si rolle betydeleg. Ved tingmøtet på Moster på Bømlo, i 1024, fekk Norge truleg ein riksomfattande kyrkjeorganisasjon med kyrkjer og prestar, ein kristen rettsordning, ei fyrste ordning av kyrka sitt økonomiske forhold og framfor alt forbud mot all annan form for religion.

Olav Haraldsson si viktigaste rolle i tidleg norsk historie var likevel ikkje kongsgjerninga, men helgennærværet i det norske samfunnet etter hans fall på Stiklestad. Allereie året etter hans død vart lekamen hans tatt opp, erklært heilag av kyrkja, lagt i skrin og satt på høgalteret i Klemenskyrkja i Nidaros.

Dyrkinga av St. Olav bredte seg hurtig over heile Nord Europa. Det vart bygd St. Olavs-kyrkjer både i Norden og i større byar som Novgorod, London og New York.

Over heile landet er det no eit stort antall arrangement som er knytta til olsok. Blant anna vert det laga til spel både på Stiklestad, i Sarpsborg og på Moster.

Dei siste tiåra, har det vore ei aukande tilstrømming av pilgrimar til Nidarosdomen i forbindelse med olsok. Det er også lagt ned eit stort arbeid for å tilrettelegga og merka aktuelle pilegrimsvegar.
snl.no

Olavsgildet på Onarheim

Onarheim var eit hovdingsete i forhistorisk tid. Garden var eit midtpunkt og ein møtestad i den vestre delen av landet vårt, vide kjend som kultstad og tingstad. Somme historikarar har meint at Onarheim var den eldste rettsstaden for Gulatinget, før Håkon den gode, etter tradisjonen, let det flytta til Gulen midt på 900-talet.

Sidan mellomalderen var Onarheimsgildet ein institusjon som tok vare på Onarheim sin eldgamle funksjon som religiøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet. Dei lokale røtene til det kristne Onarheimsgildet var truleg dei heidne omgangsdrikkelaga, knytta til blotveitslene. Som kriste gilde går det venteleg attende til 1100-talet, knytt til heilagkongen Olav Haraldsson.

Onarheimsgildet samla gildebrør til olsokfeiring frå det gamle Hordaland. Feiringa kunne gå over ei heil veke kring 29. juli. Det var ei viktig sosial hending for medlemmene, men religiøse seremoniar hadde ein brei plass.
digitaltmuseum.no