Seniortreffet utsett

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/1/2021 07:58

Seniortreffa som var planlagt ulike stader på øye, vert utsett inntil vidare.

Per Verner Aase i Tysnes Frivilligsentral opplyser til Tysnesingen at Seniortreffet som skulle vore 28. januar er utsett.

Han seier vidare at dei hadde håpa på ei litt meir positiv melding frå Erna Solberg på mandag, 18. januar.

Tilbakemelding frå vår lokale smittevernlege er difor at seniortreffa må utsettast.

Med bakgrunn i dette ser vi oss nødt til å utsetja treffet den 28. januar. Dette seier vi oss svært leie for, seier Aase, men arbeider vidare med nytt treff den 25. februar.