Ny kokk på Kompasset Bar og Spiseri

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/10/2020 15:52

Kompasset Bar og Spiseri utvider tilbodet.

Marianne Elgsås fortel at dei har tilsett ein kokk i full stilling. Ivan Gorgis kjem frå Bergen og har jobba som kokk sidan 2008.

Han er ein smilande og blid kokk, og lagar det kundane ynskjer. Han er god på all slags mat, seier Marianne, men ekstra god på tapas.

Nytt er det også at bedrifta ynskjer å tilby kundane snittar og koldtbord, blant anna, og Marianne seier dei har eit flott selskapslokale i 2. etasje som passar til både barnedåp, konfirmasjoner, bursdagar og andre anledninger.