Under «Byvandringa» vart Russ-69 foreviga på Torget ved og på kunstverket «Den høgreiste og havet» av kunstnaren Anders Kjellesvik. To av tysnesingane er med på dette bildet; Ingunn Lunde i fargerik genser nr. fire frå venstre sitjande fremst og Hans Ole Dalland ståande framme til venstre.

Gymnasjubileum

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/8/2019 19:00

Dei som var russ ved Sunnhordland Gymnas i 1969 har nyleg feira 50-årsjubileum. Fleire av desse var tysnesingar.

No heiter gymnaset Stord vidaregåande skule, og har også i dag tysnesingar som elevar. Russekullet i 1969 tilhøyrde fire klassar; engelsklinje (to klassar), naturfag- og reallinje. Harald Slettebø var rektor. Til saman var det 84 elevar i desse klassane, to var utvekslingselevar frå USA.

Åtte tysnesingar var i elevflokken; Hans Olav Brattetveit, Harald Andersland, Kolbjørn Heggland, Arvid Sandvik, Hans Ole Dalland, Edvin Inge Ersvær, Ingunn Lunde og Tore Tveit.

50-årsjubileet vart på alle måtar ei triveleg feiring, der 48 av kullet møtte fram og var saman heile fredag 23. august frå tidleg på dagen til seint på natt.

Basen for feiringa var M/S «Sunnhordland». Der vart det servert fiskesuppe på førmiddagen, kaffi og kaker på ettermiddagen og Sunnhordlandsbuffet om kvelden. Då var det også ei økt med program. Ein vel to timars tur på fjorden vart det òg. Elles i opplegget var det «Byvandring» og ei flott omvising i Stord maritime museum. Fleire overnatta om bord i den staselege veteranbåten, og både dei og andre av jubilantane hadde frokost saman i båten. Alle tykte det var ei glimrande løysing å feira på denne måten.

Tekst og bilete; Hans Ole dalland