Sambarytmer i Lunde
22/10/2010 19:05
Lunde skule hadde besøk av Asbjørn Eikeland og Marcio Bello frå Tocantins i Brasil. Eikeland har i mange år budd og jobba i Brasil med Prosjekt Tocantins og arbeidet dei driv blant fattige born i Brasil.
Elevane i Lunde jobbar for å få inn inntekter til å hjelpa Prosjekt Tocantins, noko Eikeland veit å setja pris på. Difor besøkjer han skulen, og i år hadde han altså trommelæraren Bello med seg. At Bello snakka portugisisk var visstnok ikkje noko hinder for å læra skuleelevane sambarytmer.
I to skuletimar instruerte han dei i eit trommeprogram med ulike latinamerikanske sambarytmer, til elevane si store begeistring og innleving.
Til Fredagskaféen var det møtt fram mange for å oppleva besøket frå Brasil, og gjevargleda var stor under innsamlingsaksjonen til Barnas Senter i Tocantins, melder Lunde skule på si nettside.