Haustbasar på Tveit

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/10/2020 08:49

Laurdag ettermiddag hadde Tveit Bygdalag sin årlige haustbasar.

Ved ankomst blei ein møtt av komiteen som passa på avstand, spriting av hender og henvist til nummerert bord og plass, med 1meter avstand.

Ein registrerte seg også her på liste med navn og telefonnummer.

I desse Koronatider og covid 19 har det  ved fleire runder vore diskutert i styret om ein skulle ha basar eller om ein kun skulle ha trekning av loddbøkene slik ein måtte gjera i sommar då påskebasaren blei avlyst, informerte leiar Lars Mæland, då han innledningsvis ynskte velkommen til basar.

 

Han var glad for att det har blitt opna litt igjen og ein forsiktig kunne samlast til sosialt samvær idag, og var også overvelda og takknemlig over kor mykje gåver og gevinstar som var komt inn.

Basaren var godt tilrettelagt med berre eit åresal, slik att årene kun var i kontakt med ein person. Gevinstane blei utlevert i ei korg der den som hadde vunne kun tok i gevinsten.

Ei lita matøkt og pause midt i åresalet , med mat og kaffi servert på bordet.

Drøsen gjekk godt, og det synte godt att dei ca 40 personane som hadde møtt opp synest det var fint å komma ut blandt bygdafolk, venner og bekjente  igjen.

Som også gjennspeila seg med velfortjent applaus for ein godt gjennomført basar til komiteen.

Tekst og bilder: Anne Onarheim