Bilete frå skulemuseet då Uggdal Skule var på besøk i juni. Foto: Ketil Skjolde

Ei reise tilbake i tida

Publisert av: May Britt Meland
11/8/2021 22:16

Denne helga kan du bli med på ein times omvising i det gamle skulehuset i Solheimsdalen, som no fungerer som museum.
Hans Tore Brekke fortel at skulestova ser heilt lik ut som ho gjorde for over 100 år sidan, og det fins inventar, bøker og skuleutstyr for heile perioden grendeskulen var i drift.

Omvisinga startar i skulestova og går deretter vidare til lærarbustaden som er innreia anno ca 1930. Ein kan også sjå 2. høgda og høyra om korleis ein familie levde på denne tida.

Lærarbustaden. Foto: Ketil Skjolde

 

Det blir til slutt tid til melkerampen og uteområdet. Heile plassen er godt bevart og gjev publikum eit fint innblikk i ei svunnen tid.

Omvisingane er gratis.
Hjarteleg velkommen laurdag eller søndag; begge dagar klokka 13:00