Foto: Alsaker.no

Alsaker sin nye brønnbåt

Publisert av: Tommy P. Gundersen
23/6/2018 10:28

Alsaker Fjordbruk sin nye brønnbåt skal byggast på eit verft kalla Astilleros de Murueta i Spania. Den skal vera ferdig bygd og levert i 2020.

Alsaker, Salt og MMC First process har hatt eit breidt og godt samarbeid for å få lagd ein heilt unik brønnbåt. Den «levende fisk frakteren» har stor fokus på behandling av fisk, fiskehelse, hygiene og kvalitet. Selskapet Salt Ship Design står bak designet av fartøyet.

Båten har mange nye og innovative designløsningar. Dei gjer at fartøyet har funksjonar for forskjellige typar fisk og lusbehandling.

Fartøyet er 90,7 meter langt og 18,6 meter breidt, og har ein brønnkapasitet på 5000 kubikkmeter. Brønnbåten skal kunna frakta alt frå smolt til slakteklar fisk.