Flytta naustet med to kranar

Publisert av: Vegard Aslaksen
1/10/2019 20:21

Det var nok knytta ein del spenning rundt operasjonen som føregjekk i Våge i dag. Naustet som står ved sida av Mandelhuset skulle nemleg løftast og flyttast nokre meter. Løftet vart gjennomført ved hjelp av to kranar. Andersland Bygg løfta med kranbilen sin frå land, medan Samba Marin løfta frå sjøsida. Det heile ser ut til å ha gått knirkefritt.

Mandelhuset skriv følgjande på facebooksida si: “I dag løfta me og flytta naustet på nabotomten. Samba Marin og Andersland Bygg tok seg av løftet, som gjekk heilt suverent! No begynner resten av arbeidet, snart overtar me naustet og skal innlemma det i drifta til Mandelhuset. Meir info kjem, følg med vidare”

Før løftet. Foto: Mandelhuset

Koordinert løft ved hjelp av to kranar. Foto: Mandelhuset

Samba Marin gjorde kranløftet frå sjøsida. Foto: Mandelhuset