Seniortreff på Reksteren

Seniotreff

Publisert av: May Britt Meland
4/5/2023 22:04

I dag var det seniotreff i fem bygder på Tysnes. Det var eit variert og innhaldsrikt program.

Øystein Skår seniorrådgjevar – kulturarv/ kultur og folkehelse og Louise Bjerre Petersen rådgjevar – kulturarv/ kultur og folkehelse frå Vestland Fylkeskommune fortalde om funna som er gjort på Tysnes i samband med dei arkeologiske registreringane som har vore i kommunen dei siste åra.

Allsong stod også på programmet. Pianist og organist André Eide saman med Hans Ole Dalland fekk publikum med på songen.

Arrangementet vart avslutta med ei matøkt og koseleg drøs! Bilete frå ungdomshuset i Lunde.