Det er ingen planar om å byggja nytt klokkehus på kapellet i Gjersvik. Foto: Hans Ole Dalland

Saknar klokketårnet og klokka

Publisert av: May Britt Meland
14/12/2020 19:04

I Tysnes prestegjeld er det fire kyrkjer, ti kyrkjegardar og nokre kapell.

Eitt av desse kapella høyrer til kyrkjegarden i Gjersvik i Tysnesbygda. For ein del år sidan vart klokketårnet og klokka fjerna.

-Dette vart gjort fordi klokketårnet var ròte og i dårleg forfatning. Det var fare for at det kunne ramla ned og skada både skifertaket og kapellet elles, fortel kyrkjeverje Marianne Storetvedt.

-Kva vil du seia til dei som etterlyser nytt klokketårn med klokka?

-Kommunen har for tida ingen planar om å byggja nytt klokketårn. Dette er eit kapell som ikkje er i bruk, opplyser Storetvedt, som legg til at klokka er teken godt vare på.

Lite kan lesast frå desse arka om vedtektene for kyrkjegardane i prestegjeldet.

 

På eine kapellveggen heng oppslag om vedtekter for kyrkjegardane i Tysnes.  Arka  er no så dårlege at det er svært lite ein kan lesa av informasjonen som står på dei.   Tida er absolutt inne for å setja på plass nye ark. Kyrkjeverja seier ho skal følgja opp saka.

 

Tekst/foto: Hans Ole Dalland