Publisert av: Martha Nygård Lande
6/1/2025 13:02
Resultat frå romjulscupen i bowling
Åtte lag stilte då romjulscupen i bowling vart arrangert.
Dette er ei lagturnering med to spelarar på kvart lag, og der spelarane kastar annakvart kast. Turneringa går over seks seriar, to på kvar bane.
Suverene vinnarar i herreklassen vart Lars Olav og Atle Andesland med eit snitt på heile 168,3 pinnefall. Bjørn Inge Leite og Sondre Fjelltveit tok andreplassen. Dameklassen vart vunnen av Iris Sørbotten og Christin Veivåg.
Stemninga og spenninga var høg heile kvelden, og me har fått oppmoding om fleire slike lagturneringar i løpet av sesongen.