Fullt hus på kundekveld hos Ivyelli!

Folksom markering av 1 års-jubileum

Publisert av: May Britt Meland
29/3/2019 20:46

Ina Kaldefoss og Heidi Catherine Lande som driv Ivyelli inviterte til kundekveld 28. mars.

Dei ville i lag med både gamle og nye kundar feire at det no er godt og vel eit år sidan dei starta butikken i Våge.

-Det vart eit overraskande stor oppmøte, og folk koste seg, fortel damene til Tysnesingen.no. Kvelden baud på moteshow, goodiebags, lett servering og høve til shopping.

Kaldefoss og Lande vil takka alle som kom innom, og vonar fleire vil kome for å sjå på vårnyheitene.

Her får du eit bildedryss frå kvelden.

Nøgde innehavarar! Heidi Catherine Lande og Ina Kaldefoss

 

Kundane vart ønska velkomne med sprudlevann og litt å bita i.

 

Amanda og Mia synte fram vårens barnekle.

 

Staute mannekengar! Son og far, Tobias og Kent Ove Rossvold.

 

Martha Nygård Lande i siste nytt for våren.

 

Kari Lande med ein vårleg og lett bluse.

 

Mykje spennande nytt som fall i smak.