Seier til Njardar/Tysnes G13

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/5/2022 22:04

Tysdag spelte Njardar/Tysnes sine Gutar 13 bortekamp mot Fana 3. Dette var fyrste 9-arkamp for fleire av gutane.

Dei heldt humøret oppe sjølv om dei låg under 1 – 4. Utover i andre omgang snudde gutane frå Tysnes kampen, og vann til slutt 4 – 5.

Dette laget er ei flott gruppe, med godt humør. Dei vann også den forrige kampen dei spelte, så no har dei fått to gode opplevingar der dei har sett at det hjelper å stå på heile kampen.