Problem for

Publisert av:
23/12/2008 13:00

For dei som er på juleutfart til Stord i dag vart det noko venting.

Tysnesingen fekk litt over klokka 13 melding om at “Utstein” ligg på Jektevik, og at det vart 2-3 timar å venta før ny ferje var på plass. Det skal vera problem med ein propell som gjer at “Utstein” er ute av drift.

“Odda” vil bli sett inn som ekstraferje inntil vidare.

Om lag klokka 15 gjekk “Odda”. Då stod det att 12 bilar på kaien + fire som skulle til Huglo.

Ved 20-tida tysdag kveld var “Utstein” i rute igjen.