Utandørs julekino

Publisert av: May Britt Meland
21/12/2021 19:01

Det vart ein magisk kveld med 65 påmeldte ungdommar i utandørsamfiet ved Tysnes skule 20.12.21!

Med julefilm på storskjerm og med veldig god lyd, stjerneklar himmel, fyr i bålpanner, vart det ei utruleg fin ramme kring dette arrangementet.

Denne kvelden med dette alternative sosiale treffet for ungdommane våre kunne gjennomførast då me fekk midlar frå Tysnes Kraftlag!

Tusen takk til dei for rask og positiv respons, slik at me kunne hive oss rundt og arrangere dette!

Takk og til TF Media som på kort varsel kunne levere proft utstyr og rigga så bra til for oss!

 

Og ikkje minst takk for ein fin kveld til dåke flotte ungdommane våre!

Me ynskjer dåke alle ei riktig fin jul, og gler oss til nye treff i 2022J

 

Helsing oss takksame i Eining barn og familie!