Pressemelding – Reiso kunstgrasbane

Publisert av:
20/5/2011 16:43

Den første tida arbeidde komitéen for at Njardar sjølv skulle byggja banen. Ein såg likevel snart at klubben ikkje hadde økonomi til det. Dermed vendte ein seg til kommunen og ba om eit samarbeid og økonomisk støtte. Både administrasjonen i kommunen og politikarane har vist stor velvilje og kommunestyret vedtok at Tysnes kommune skal byggja banen, forskottera tippemidlane og gå inn med inntil kr. 1 mill. i finansiering. Njardar påtok seg å skaffa dei resterande midlane som er på ca. 2 mill.

Heile anlegget har ei kostnadsråme på ca. 8,3 mill inkl. mva. I denne summen er det tatt med dugnad på ca. 880.000

 Komiteen har arbeidd med kjøp av grunn, finansiering, anbodsdokument og søknader om støtte.

 Bygging av kunstgrasbanen er no nærare enn nokon gong. Området er rydda for skog og klar til at gravemaskin skal starta gravinga. Dette arbeidet er det Tysnes kommune som styrer.

 Kraftlaget har starta arbeidet med å flytta høgspentlina som går over banen.

 Støtte til bygginga
Njardar har fått melding om at både Lerøy Seafood Group ASA og Alsaker Fjordbruk går inn med eit vesentleg beløp som støtte til bygging av banen.

I tillegg har styret i Tysnes Kraftlag innstilt til årsmøtet at kraftlaget skal gå inn med kr. 1.mill (inkl. flytting av høgspentlina). Eit positivt vedtak på årsmøtet i Tysnes Kraftlag 23.05.11 vil bety mykje for utvikling av fotballen på Tysnes.

Banekomitéen mai 2011