Foto: Per Verner Aase

Folksamt på basar

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/10/2018 10:51

Basaren i Hålandsneset Grendahus markerte starten på haustferien for mange. Nøyaktig tal på kor mange me fekk plass til denne laurdagen har vi ikkje, men over 90 personar vart tald. I så fall er dette truleg rekord.

Rundt 30 000 kr. kom inn, og det er vi godt nøgd med. Ei stor takk til basarkomitéen: Gerd, Reidun, Helge og Synnøve. Dei vart godt hjelpa av Bjørg på kjøkenet og Kåre med trekkinga.
Høgdepunktet for nokon er kaffipausen midtveis. Kakene og fingermaten skuffa ikkje denne gongen heller.

Tilslutt: Ei takk til alle som gav alle dei flotte gevinstane, firma som privatpersonar.

Vinnarar på loddbøker:
1. 1 pall/10 sekker ved – Ole Hovdenes
2. 2 kg hjortekjøt – Eli Espeland
3. 2 kg hjortekjøt – Åse Hermansen
4. 1 kg kjøttdeig (hjort) + 1 kg gryte/sosekjøtt(hjort) – Inger Johanne Færevåg
5. Dab radio – Henrik Storetveit
6. Vase frå Magnor ”dråpen” – Selma Landeråen
7. Genser ”Marius” – Johanna Gjerde
7. Middag for 2 på Mandelhuset – Ståle Haaland
8. Verktøysett – Dagfinn Lid m/fam.
9. Damekofte – Marta Kristin Hillesvik

Tekst og foto
Per Verner Aase