Populært med bingo
1/6/2026 10:49
Det er både kjekt og sosialt og spela bingo.
Det viste seg med oppmøte på den årlige hagebingen også, som vart arrangert av Onarheim og Tveit bygdalag fredag 29. mai.
Ein etter ein kom dei inn døra, og då bingoen skulle byrja var det godt fullt. Ein kunne konstantera att i kveld sette me ny rekord med ivrige bingospelarar!
Etter to omganger og halvveis i bingoen, var det matpause med nydelige kanelbollar, muffins, kaffi og saft.

Det er kjekt å sjå alle aldersklasser som spelar med spenning, iver og litt sommarfuglar i magen. -Blir da «meg som vinn no, mon tru?»
Mange heldige fekk med seg heim flotte gevinstar som blomar, hageredskap, solcellelykter og hagefigurar.
-Og sjølv om ikkje alle vinn, er det god stemning som alltid.
Då er det ekstra kjekt for oss som er i komiteen å sjå at dette er populært.

Ei ekstra stor takk til Pedersen gård frå Solhaug (Solheimsdalen) for sponsing av flotte georginer, og til komiteen som hjalp til med arrangementet.
Synne Wetzel Hansen var ei av mange heldige som vant på bingoen.

Tekst: Onarheim og Tveit bygdalag, Anne Langeland