Skjermdump Googlemaps

Båt gjekk ned ved Tysnes – to personer henta opp av sjøen

Publisert av: May Britt Meland
28/7/2020 09:05

NRK melder i dag at ein fritidsbåt har kantra ved Godøy. To menn er plukka opp av ein tilkommande båt.

“– To mann satt oppå båten da den var i ferd med å gå ned. De er plukket opp av en båt som kom til stedet”, seier redningsleder Ståle Jamtli i Hovedredningssentralen Sør-Norge til NRK.

Ulukka vart varsla kl 08.21. Naudetatane vart varsla og luftambulanse, redningsskøyte og redningsbåtar vart rekviret.

Hovudredningssentralen bragte vidare mayday- signal frå den kantra fritidsbåten og varsla andre båtar i området.

Politiet melder på Twitter:
“#Bjørnafjorden kl 0820: vest for Store Godøya. Melding om båt som har gått ned, 2 personer satt oppå baugen. HRS har ledet redningsoppdraget. Begge personer er reddet, fremstår som uskadet. De er nå i helsepersonells forvaring.”

Les meir på NRK sine nettsider og på ba.no