“Eventyr i parken”

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/6/2021 21:01

På lørdag kjem “Eventyr i parken” til Tysnes.

Og dei inviterer publikum til å delta i forestillinga!

Bli med på vandreteater på Tysnes!
Mikkel Rev har endelig tenkt å fri til den stakkars Reveenka som bur langt inne i skogen, men han trenger hjelp. For Mikkel Rev har aldri fridd før, og han veit heller ikkje så mykje om kva som er lurt å gjera om du vil at nokon skal bli glad i deg. Kanskje dåke kan hjelpa han?

Vandreteateret passer frå 3 år og oppover.
Alt foregår utendørs, så kle deg og dine etter været!

Forestillingen er støtta av Tysnes kommune og Vestland Fylkeskommune.

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement og happeninger ynskjer å skapa utandørs kulturopplevingar for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna.

Forestillinga skal vera på Årbakka Handelsstad, klokka 13.00, og Haaheim Gaard, klokka 16.00.

Billetter kan kjøpast her:
Link til eventet er her: