Påskemarknad
11/4/2017 06:52
Når ein kjem innanfor dørene i lokala i Vågsmarka 9 vert ein møtt av ei smilande Sylvi Sundal Lien. Ho fortel at ho i mange år har hatt ei stor interesse for gamle ting og vore ein ivrig samlar.
No har teke skrittet, og gjort noko ho har hatt lyst til lenge: opna sitt eige utsal.

Inne i butikken er det som å trø fleire år tilbake i tid. Her finn ein koppar og tallerkar, vasar, pynteting, lampar, gamle metallboksar, bilete, småmøblar, maritime gjenstandar og mykje, mykje meir! Alt frå gamle antikvitetar til fargerike retro gjenstandar.

Om dette vert eit permanent utsal, er ho enno litt usikker på. I fyrste omgong ville ho ha eit påskemarked nokre dagar for å lodde stemninga. Responsen har vore enormt god, folk har jamnt og trutt teke turen innom.
Slik planane er no, vert neste opningshelg pinsehelga, men om ein skulle sjå noko i vindauga ein er interessert i, kan Sylvi kontaktast per tlf. (Nr vert hengd opp på butikken.)

I dag og i morgon ( 11. og 12. april) er det ope frå 11 til 18, så har du ikkje teke turen innom enno er det framleis ein sjanse!

Foto: May Britt Meland