Felles konsert laurdag 7. mars 2020 Foto: Lena Epland Sløgedal

Inspirerande seminar

Publisert av: May Britt Meland
8/3/2020 10:34

Denne helga vart det arrangert seminar på Tysnes. 5 skulekorps i Sunnhordland deltok, og ingen ringare enn Eikanger Bjørsvik musikklag stilte som instruktørar.

Tilbakemeldingane frå dei som deltok er overveldande! Seminaret vert omtala som ei kjekk, lærerik og stor oppleving.

Instruktørane frå Eikanger Bjørsvik musikklag får skryt, eit fenomenalt opplegg og ei svært viktig oppgåve mot rekruttering. Eliten innan korps gav ivrige musikantar ei unik oppleving.

Her får du eit lite bildedryss frå dei ulike seminara og ein videosnutt frå avslutningskonserten!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: Lena Epland Sløgedal