Laurdag vert det offisiell opning

Publisert av: May Britt Meland
7/9/2023 11:23

Aleksander Fauske som driv Lynghaugane Møbelverkstad kan sjå tilbake på hektiske veker med flytting og tillaging av ny verkstad. Det som var eit tomt lokale på Malkenes ( Sundavegen 1), har han no innreda og tilpassa møbelproduksjonen.

Laurdag 9. september ynskjer han velkomen til offisiell opning. Då vert dørane opne for alle som er nysgjerrig og interessert i å sjå korleis han driv møbelproduksjon i dei nye lokala.

-I frå klokka 12 og utover kan alle som vil stikka innom for ein prat, servering av kaffe og kaker, og sjå på korleis eg driv ein Møbelverkstad.
.
Ein vil få omvisning og ein kan få eit nærare innblikk i maskiner og utstyr eg brukar, seier Aleksander.
Det vert også mogligheit til å kjøpa småprodukt, bestilla møbler, sjå på den nye tørka som er i drift, eller berre mysa og slå av ein prat! Det er også eit stort utvalg materialer om ein vil ta ein kikk.
.
Ordføraren kjem i 13-tida og skal stå for den offisielle snorklyppinga, eller saging av plank, så det er noko ein ikkje kan gå glipp av!
.
.
.
.
Om du lurer på kvar lokala er, så er dei i Marinegruppen sitt næringsbygg ved krysset ned til Malkenes kai.
Adresse: Sundavegen 1, 5690 Lundegrend. Rett med krysset ned til Malkenes kai.
.